Første inkubatorbedrift åpnet i Stryn | Inkubator Vest AS

Første inkubatorbedrift åpnet i Stryn

– Vi er nøkterne no i starten, men ser eit stort vekstpotensial i bedrifta. Vi hadde ikkje realisert bedrifta utan støtte frå Inkubator Vest, seier gründer Paul Roger Sunde.

 

Inkubator Vest si første bedrift i Nordfjord, Industri-lakkering AS, vart offisielt opna denne månaden, til stor glede både for ordførar i Stryn Nils P. Støyva (f.v.), Oddrun Englund i SIVA og gründer Paul Roger Sunde.

 

Industri-lakkering AS har sitt utspring i lakkeringsdelen av Vest Buss i Stryn. Gründer Paul Roger Sunde har sett eit potensial i å spesialisere seg akkurat på dette feltet, og har funne nyare, betre og meir miljøvennlege måtar å drive industriell lakkering på. Saman med Inkubator Vest har verksemda jobba fram ei bedriftsetablering.

 

Utløyser potensial

Inkubator Vest er ein av SIVA sine industri-inkubatorar i Norge, og for dagleg leiar Anne van Oorschot er det stort å kunne presentere den første verksemda som har fått fødselshjelp gjennom inkubatoren i Stryn.

  - Føremålet med Inkubator Vest er å gje drahjelp til gründerar som ønskjer å starte opp si eiga verksemd. Vi er spesielt interesserte i prosjekt som kan utløyse potensialet i eksisterande industri, akkurat slik vi ser det med Industri-lakkering. Morbedrifta Vest Buss og deira leverandørnettverk har viktig kompetansen som vi tek med oss i arbeidet med inkubatorbedriftene. Vi har såleis eit godt grunnlag for å utløyse nye bedriftsetableringar, seier Anne van Oorschot.

 

Nyttig etablering

Paul Roger Sunde var tidlegare avdelingsleiar på pulverlakkanlegget til Vest Buss. Den gongen hadde Vest Buss eit manuelt anlegg med for dårleg kvalitet og med sprengt kapasitet. Etter ein idédugnad gjennom Inkubator Vest i 2005 kom ein fram til at eit automatisert pulverlakkanlegg ville vere ei nyttig bedriftsetablering i Nordfjord.

  - Vest Buss hadde eit sterkt ønske om å finne ei anna løysing på lakkeringa si. Det var her forretningsideen til Industri-lakkering kom inn. Ved å automatisere lakkeringsprosessen kunne vi gje både Vest Buss og andre kundar rimelege og gode produkt i større tempo. Etableringa av Industri-lakkering er altså ein vinn-vinn-situasjon for oss og for kundane våre, seier Sunde.

 

Satsar på innovasjon

Inkubator Vest er ein del av SIVA sine industri-inkubatorar. SIVA står bak utbyggjing av næringshagar og industribygg i Norge, og sidan 1990-talet har SIVA i tillegg satsa på innovasjon.

  Avdelingsleiar for industri i SIVA, Oddrun Englund, meiner Industri-lakkering AS er eit godt døme på ein slik type gründerverksemd SIVA vil ha fleire av.

  - Industri-lakkering er ei direkte knoppskyting frå morbedrifta Vest Buss, og er ei innovativ bedrift med miljøvennleg produksjon. Bedrifta kjem til å gje høve til vekst i fleire andre bedrifter, og slike synergieffektar er vi glade i, seier Englund, som gjev stor honnør til Anne van Oorschot for hennar engasjement for inkubatorbedriftene.
 
 
 

Anne van Oorschot vart dagleg leiar i Inkubator Vest i 2007, og allereie i år er den første Nordfjord-bedrifta etablert som følgje av satsinga.

 

Inkubator Vest AS, Tinggata 3, 6783 Stryn - post@inkubatorvest.no - Telefon: (+47) 488 93 353
InkubatorbedrifterInkubatorprosjekt i eksisterande bedrifter
Industri-inkubatorForretningsideEigararLedige stillingarSamarbeidspartarLokalisering
GründerEksisterande bedrifter
KontaktinformasjonHar du ein god idé?